» 
 » 
Ved Rundarne, Op. 33, No. 9



Григ Эдвард - Ved Rundarne, Op. 33, No. 9 - текст песни (слова), перевод

  • текст
  • ноты
No ser eg atter slike Fjell og Dalar,
 som dei eg i min fyrste Ungdom såg,
 og same Vind den heite Panna svalar;
 og Gullet ligg på Snjo, som før det låg.
 Det er eit Barnemål, som til meg talar,
 og gjer meg tankefull, men endå fjåg.
 Med Ungdomsminne er den Tala blanda:
 Det strøymer på meg, so eg knapt kan anda.
 
 Ja Livet strøymer på meg, som det strøymde,
 når under Snjo eg såg det grøne Strå.
 Eg drøymer no, som før eg alltid drøymde,
 når slike Fjell eg såg i Lufti blå.
 Eg gløymer Dagsens Strid, som før eg gløymde,
 når eg mot Kveld av Sol ein Glimt fekk sjå.
 Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
 når Soli heim til Natti vil meg lysa.   
Другие материалы по этой песне:

https://primanota.net/edvard-grieg/ved-rundarne-op-33-no-9-lyrics.htm